fostad.net
Det finnes et skille i verden
- Website
- fostad.net · all feeds from this site
- Feed URL
https://fostad.net/rss.xml
Read it in your FeedListing reader
Or add to: Feedly Inoreader Raw feed
Latest posts
-
Korfor Raudt?
Hei, verda. Mitt siste innlegg, for fleirfaldige år sia, bar tittelen Korfor ikkje Raudt? Sia da har eg meldt meg inn i nettopp Raudt. Det er i grunn ikkje så veldig dramatisk: På det tidspunktet meinte eg at SV var det beste partimessige verktyget for å skape ei betre verd. No…
-
Korfor ikkje Raudt?
Etter at eg byrja å henge mykje i Raudt- og Raud Ungdom-dominerte miljø, har eg fått mange spørsmål om korfor eg er medlem i eit parti som krigar i Afghanistan og administrerer kapitalismen framfor å bli med i eit ekte raudt og rankt sosialistisk parti. Det er på tide med eit…
-
Kjære, kjære forlagsbransje
Eg har nettopp hatt gleda av å lesa Hans Olav Lahlum si første krimbok, Menneskefluene, på lesebrettet mitt. La gå, det å få ei norsk e-bok over på ein Kindle, som er lesebrettet eg og mange andre nordmenn har, er litt kronglete, men no når eg veit koss eg skal gjera det, tar…
-
Makslønn?
Raudt frontar i desse dagar eit krav om makslønn , altså at ingen treng å tene meir enn 1,5 million kronar på eit år. Argumentasjonen er enkel og lett å vera med på: tener du fem gongar så mykje som ein hjelpepleiar, eller meir enn tre gongar så mykje som meg, så treng du…
-
Venstre og Frp - ja, og?
Venstre og Framstegspartiet. For mange ein rar, vanskeleg og ekkel koalisjon, men er det eigentleg så uventa? Det har lenge vori den lette måten for særleg folk i Ap og dessverre også nokre i SV å ta Venstre på, at ei stemme på Venstre i praksis vil vera ei stemme på Frp. Det…
-
Aldri har eg vori så stolt av å vera SV-medlem
Eg har brukt helga på SVs landsmøte , og fått oppleve store endringar i partiet mitt. Sosialistisk Venstreparti har sia lenge før eg vart politisk aktiv vori leia av Kristin Halvorsen. I 1997, da ho vart vald, var eg ni år gamal. Eg hugsar ikkje eit SV utan Kristin som leiar,…
-
Feministisk sjølvforsvar, Jenteforsvaret og ræl
Iblant er det veldig roleg å vera SU-tillitsvald. Iblant er det kjipt, iblant er det frustrerande. Frustrerande fordi våre eigne gjer kjipe vedtak, frustrerande fordi høgresida er teite, frustrerande fordi utviklinga i samfunnet ikkje går den vegen vi vil. Og frustrerande fordi…
-
Fridom til for dei få eller fridom frå for dei mange?
Fridom til for dei få eller fridom frå for dei mange? Det er eit kjernespørsmål i politikken, eit ideologisk grunnleggjande spørsmål som ligg til grunn for mange av dei store politiske forskjellane vi ser mellom høgre- og venstresida. For det er ikkje til å legge skjul på at det…
-
Gut og feminist
Ein del av løysinga eller ein minst muleg del av problemet? Det er eit spørsmål eg har stilt meg sjølv ein del gongar, og som sikkert mange andre feministar (av begge kjønn) nok òg har lurt på og tenkt rundt. Spørsmålet blir meiningslaust om ein ikkje først har den feministiske…
-
Meg og målet
Hei, eg heitar Mads og er nynorskbrukar. Det hadde vel kanskje den ikkje altfor uoppmerksomme lesar fått med seg frå før. Akkurat som den som har følgd meg eller bloggen min lengje vil hugse at eg lengje skreiv på bokmål. Det er dermed på høg tid med litt forklaring og utdjuping…
-
Noreg, NATO, Libya og imperialisme
Sentralstyret i Sosialistisk Ungdom vedtok førre måndag ei fråsegn om Libya som er meir treffsikker og sann enn det meste anna eg har sett om bombinga og kva i all verda som er det lure å gjera mot gærne diktatorar som Muammar al-Qadhafi. Dessverre fekk dei heilt rett når dei…
-
Egypt, Tunisia, no?
Eg vil til Egypt. No. Fortare enn svint. Eller til Tunisia, det ville vori omtrent like kult. Å vera med på eit opprør, ein revolusjon av typen som sprer seg i Nord-Afrika no må rett og slett vera stort. Tipsa for å henge med er Al Jazeera (den kanalen der er alvorleg god) og…
-
Spar oss for skitkastinga
Eg tenkte eg skulle forbigå Civita sitt nye skitkastingsprosjekt i stille. No klarer eg det ikkje meir. Så klart vil Civita kople alle som trur på sosialistisk folkestyre med Stalin, Pol Pot og folkemord. Så klart vil dei nytte eitkvart høve til å hevde at sosialisme naudsynleg…
-
Berre sine lenker å miste
Marx sa i si tid om arbeidarklassen at han "har berre sine lenker å miste", og på 1800-talet var det sant stort sett verda rundt, frå fabrikkane i Tyskland og England til kinesiske rismarker. Så har da òg arbeidarane knust mange av desse lenkene i tida som har gått sia da, og…
-
Nu har jag fått nog av detta satans kvinnoförakt
Eg tenkte eigentleg å skrive eit innlegg om feminisme no. Men så kom eg på den gamle Hoola Bandoola Band-klassikaren Kvinnoförakt, og vi får heller byrja der: Min tjej kom hem från jobbet och var deppig en dag Hon svor och fräste, hon var inte glad Så jag sa: "Älskling, och…
-
Kor langt kan ein eigentleg komme med idioti?
Politikk er eit vanskeleg spel. Ofte kjem det utspel som er særs kjipe, dårlege, direkte idiotiske, paranoide eller politisk dårlege forslag av andre grunnar, la oss i denne samanhengen nøye oss med å nemne datalagringsdirektivet og "la oss organisere sjukehusa som verksemder"…
-
SF står for demokratisk sosialisme. Samtidig er det et revolusjonært parti
SF står for demokratisk sosialisme. Samtidig er det et revolusjonært parti. Det ligger ingen motsetning i dette. SF er et revolusjonært parti fordi det, i motsetning til Arbeiderpartiet, vil skape et a n n e t samfunn og en a n n e n samfunnsform, hvor menneskene er…
-
Buss og sanntidssystem
Sanntidssystem for bussane i Trondheim er på veg til å innføres, og vi trikketakarar er godt vant med dette allereie - at det på haldeplassane oppdateres kor lengje det er til neste trikk kjem. Nokre busshaldeplassar har no fått sanntidsskjermar som viser når dei n (ca fire,…
-
Dette bør du kunne som datanerd
Åtvaring: dette innlegget har høg nerdefaktor. Denne bloggen målbærer kanskje ein del nerdepreg allereie, og med dette innlegget trur eg det går mot nye høgder. Det er nemleg ein del ting ein bør ha kunnskap om som skikkeleg datanerd - andre typar nerdar kan sleppe unna utan…
-
Snakk norsk, ikkje norsklish.
Eg er glad i det norske språket. Eg synes det norske språket har mange gode sider, mange fine ord vi bør ta godt vare på og ein verdi i seg sjølv. Det kjem eit laangt innlegg om mitt forhald til språket om ikkje så altfor lengje - håper eg. Før den tid er det eitt tema eg vil ta…